Sognerosa er tittelen på den nye romanen til Anne Karin Fonneland. Mor hennar, Anna Skorpen, kjem frå Skorpo. Far, Sverre Havnerås, kjem frå Hatlestrand. Dei flyttar til Husnes. Anne Karin bur på Sunde. I oppveksten var ho ofte i tunet Oppe i Skorpo. I den neste årboka Den nære fortida, som kjem ut i november, har Anne Karin skrive ein artikkel om livsminne på Skorpo.

Anne Karin Fonneland med boka Sognerosa.

Uskedalen.no fekk vera med på boklansering sist laurdag på Bergslagen. Forfattaren fortalde om bakgrunnen for boka, om fartybygging, turisme og handel på Vangsnes i Sogn. Bestemora hennar, Ingeborg Havnerås, gift med jektebyggjaren, starta landhandel i 1905.

Inspirasjoen til boka fekk Anne Karin då ho las i kyrkjeboka om Ingeborg Kristine og Lovise som vart døypte med nokre vekers mellomrom i Vangsneskyrkja. Den eine er skriven som ekte, den andre er ført inn som uekte. Dette får fylgjer for dei to som veks opp i eit bygdemiljø som er prega av konfliktar mellom fastbuande og tilreisande.

Anne Karin Fonneland har før skrive diktbøker, romanar og barnebøker. Romanen Apalgard frå 2014 fekk god omtale. i 2021 kom boka Olav H. Hauge og trea – om å sjå naturen – og klimakrisa no, eit essay.

Ronanen Sognerosa på Kapabel forlag ligg ute for sal i bokhandelen på Husnes og i Rosendal.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal