Både Rustne Menn og Uskedal musikklag legg institusjonsspeling inn i sine halvårsprogram. Med speling på Syng med oss på Husnestunet i dag er Rustne Menn ferdig med to institusjonar. Halsnøytunet står att. Uskedal musikklag er booka både på Rosendalstunet og på Husnestunet. Begge gruppene har eit tilrettelagd program med songar og soloframføringar mange kjenner frå skule, lagsliv og festliv. I tillegg er det fast speling på Kafe Tiaren, som oftast på den siste tysdagen i månaden.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Åse Hauge