Fylkesvegen på Døsslandsido er stengd for trafikk. Årsaka er MESTA sitt arbeid med utbetring av vegen ved Djupehølen. Søkk og grøfteskade gjer at vegen har vore synleg skadd i fleire år. No er vegen graven opp i ei lengde på 30 meter. Det er masseutskifting med duk i botnen. Det er komne nye røyrer under vegen. Arbeidet er planlagd å vera ferdig i denne veka. Entreprenør er MESTA med innleigd arbeid frå Sau & Sånt frå Halsnøy. Det er omkøyring via kommunal veg på Kjærlandssido.

Det er lagt duk i botnen før det vert fyllt på med pukk og andre massar.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal