Første tirsdagen i månaden er det blitt eit fast innslag med eldre og interessante bilde på Kafe Tiaren. Det er Uskedal Historielag som står bak tilbodet, og dei har med seg permar med bilde frå arkivet. Svært kjekt er det også at nokre av gjestene har med seg bilde til glede og mimring for resten av gjestene. Historielaget er svært fornøgde med interessa for tilbodet.

Ta med dersom du har foto som kan vera aktuelle for skanning og registrering.

Denne tirsdagen er dei på nytt på plass frå kl.11.30 og utover. I tillegg vert det denne tirsdagen boksalg av serien “Den nære fortida”. Historielagsrepresentantane har med seg dei to første bøkene for salg, og i tillegg kan ein få førehandskjøpt boka som kjem denne hausten til redusert pris.

Gjennomgang av fotopermar frå Uskedal ungdomslag sitt fotoarkiv.

Viss ein har spørsmål til skriftstyret om den nye boka og bokkjøp, kan ein ta kontakt på 932 88 237.
Skriftstyret.

Tekst/foto: Thor Inge Døssland
Nett: Kristian Bringedal