Eigedomsmeglar Marita Perdersen i EiendomsMegler 1 melder i dag at den store einebustaden i Geilo er seld. Einebustaden har eit bruksareal på 219 rutemeter. Huset er bygd i 1960, påbygd og renovert fleire gonger sidan den tid. 3 soverom. Huset ligg mot vest med mykje sol og vakker utsikt mot sentrum, Stølavikjo og fjella rundt Uskedalen.

Det var visning 19. august der fleire aktulle kjøparar møtte fram. Pedersen har seld fleire hus og leilegheter i Uskedalen dei siste åra. Uskedalen er ei sentrumsbygd med mange kvalitetar. Natur, kultur, skule og barnehage er ord som kling godt i markanden. Det er dessutan kort avstand til Rosendal og Husnes.

Det er ein klar tendens til at mange ynskjer å bu i sentrum med gangavstand til ulike sentrumstilbod. Det vil innan kort tid koma for sal stor einebustad i same område.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal