Ryddar og klargjer for takvøle på Bygdetunet Rød.
I dag har ei gruppe frå Dugnadsgruppa vore på Bygdetunet Rød og henta ned frå lem og loft gjenstandar før arbeidet med takvøle tek til. Større og tyngre ting står att, men er dekka til med pressening. Det same er gjort i Røykstova over veven og senga, dette for å hindra skade i den tida nytt tak kjem på plass.
Den andre gruppa var på Stemneplassen og laga fundament og monterte rekkeverk. Deler av gjerde langs kanten ved parkeringsplassen skal på plass att. Bilete frå dette arbeidet kjem i eige innlegg.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal