Haustprogrammet for Kvinnherad Senioruniversitet.
Etter fulle hus og god stemning hausten -23 og våren -24, har styret i Kvinnherad Senioruniversitet forventningar til eit godt nytt semester. Programmet er klart, så det er berre å notera seg tid og stad og bli med.
Grunna stor pågang på Kulturhuset Husnes, har styret lagt opp til å bruka Gry/Helges restaurant ved nokre høve. Det vert noko nytt, men me trur det skal gå veldig greitt.
PROGRAM
- 19 september: Forfattar Agnes Ravatn. Ho er fødd i Ølen og bur i Valevåg. Ho har gitt ut ei rekke populære og kritikarroste romanar. Ho er og ein røynd journalist, ein skarp iakttakar og skriv frodig og morosame kommentarar til dagens samfunn. Til oss kjem ho for å fortelja om “forfattarskapen, skriveprosessen og livet på bygda” Agnes hadde lyst til å ha ein “samtalepartnar”. Me har vore så heldige å få Hilde Svalbjørg til å ta denne utfordringa. Møteplass: Gry Helges
- 17. oktober: Tema er Kunstig Intelligens. Me har fått den mykje oppegåande datagrundaren, tidlegare politikar og pedagog Gaute Lund til å ta tak i dette høgst aktuelle temaet. Om programmet seier han :Me skal sjå litt på kvar teknologien kjem frå, kvifor det er så mykje snakk om det no, kor er me på veg og kva det vil bety for oss vanlege kvardagsmenneskje. Møteplass: Rosendal samfunnshus.
- 1. november: Forfattar, musikar og journalist Halvor Folgerø. Han har hatt stor suksess med boka Vestlandsvegar. No er det like før utgjeving av ei ny bok og han vil fortelja oss om “FERJEFOLKET.” Han har møtt ferjefolk og samla historier på og med ferjene i Vestland. Om kvardagsliv, komikk, romantikk og dramatikk om bord. Møteplass: Rosendal samfunnshus
- 5. desember: Semesteret vert avslutta på Husnes. Ingen tema er for tida så brennbare som dei to pågåande krigane. Me har vore heldig og fått tak i husnesing og midtaustenkjennar Dag Henrik Tuastad,. Han er tilsett som forskar og førstelektor ved universitetet i Oslo. Temaet hans denne dagen vert: “Den Isrelsk-Palestinske konflikten. Veien til 7.oktober og veien videre” På desembermøtet vert det julemat for dei som melder seg på.
Elles vert møta gjennomført etter vanleg oppsett. Alle møta startar kl. 11.00.
For styret Steinar Haugan
Tekst: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto