Uskedal musikklag har jobba rekruttering dei to siste åra. Mykje er tenkt og gjort. No ser det ut for at arbeidet vil lukkast. På det opne drøfitngsmøte i kveld møtte fem nye musikantar, fire av dei med bakgrunn frå B gjengen og Rosendal musikklag, ein trommis med tenestetid i Uskedal musikklag for over 30 år sidan. Frmmøte var ikkje det beste i kveld, men drøftingane var desto betre. Thor Inge Døssland leia møte. presist med struktur som resulterte i gode tiltak for å sikra eit musikklag i bygda. Det meste handlar om å tenkja fornying som ei motivering for å få fleire yngre medlemer inn i korpset. Bilete: Framme f.v: Monica Hermann, Ingrid Lund og Margrethe G. Mehl. Bak f.v: Per T. Skåle og Bjørn Ove Sunde.

Musikklaget med dagens besetning.

Av konkrete tiltak nemner vi :

  • Fleksible øvingstider som høver for ei variert brukargruppe, også for dei som er i arbeid og går opå skule
  • Felleskonsertar med andre korps
  • Repetoar som fengjer
  • Eigne opne konsertar som verkar motiverande på andre om å vera med på
  • Vera opne for unge medlemer utan for mykje erfaring, men som ynskjer å prøva seg
  • Institusjonsspeling og allsongprogramma held fram, men det er ikkje i desse miljøa ein hentar nye medlemer
  • Syna positiv interesse for Uskedal Skulemusikk, også med tanke på rekruttering
  • Framsnakk det å vera med i eit korps. Snakk med dine sambygdingar.

Møte var prega av optimisme og tru på eit musikklag med evne til fornying og utvikling.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal