Rustne Menn og Veteranbandet er tildelt datoar for institusjonsspeling i Rosendal og på Husnes.
Rustne menn og Veteranbandet er alt tinga for Syng med oss på Rosendalstunet og på Husnestunet. Fyrst ut er Rustne Menn i Rosendal komande tysdag kl. 16.30. Musikklaget er tinga tysdag 22. oktober. Datoane på Husnestunet er onsdag 4. september og 13. november. Begge gruppene har eit tilrettelagd program i to avdelingar. Arrangøren har loddsal og mat i pausen. Syng med oss programma på institusjonane er opne for alle. Optimisten på Halsnøytunet vil også koma med sine datoar.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Uskedal musikklag/ arkivfoto