Torsdag i denne veka er det distribuert 370 opprop om Uskedal Musikklag i postkassane i bygda. Oppropet handlar om Uskedal Musikklag og rekruttering for sikra vidare drift i framtida. I skrivet vert vi alle invitert til informasjonsmøte tysdag 27. august kl. 19.00 i Gamleskulen. Så langt vi kjenner til vert det også musikalsk innslag ved Musikklaget. Dei som har postboks på SPAR, vert gjort kjend med innhaldet på uskedalen.no. Alle er velkomne til Gamleskulen tysdag i komande veke.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland