Øyvind Ousdal er tilsett i stillinga som einingsleiar for brann og redning eller brannsjef som jobben til dagleg vert kalla. Det vert vidare søkt etter avdelingsleiar for beredskap. På begge desse søkjarlistene finn vi namn frå Uskedalen. Ousdal tek over etter Atle Josdal som slutta i sommar. Branntroppen i Uskedalen har med dette fått ny sjef.

Branntroppen med røykdykkarar i aksjon under øving på Uskedalen Brygge 2022.

Den nytilsette brannsjefen varslar sak med gjennomgang av noverande brannstruktur og kva endringar som bør gjerast for å oppfylla krav slik det er skrive i rapporten frå Einang Safety Consult. I rapporten kjem det fram at branntroppen i Uskedalen vert lagd ned. Dermed må ein rekna med ein ny runde i saka om brannvern lokalisert i Uskedalen.

Branntropp Uskedalen 2022. Nokre har slutta og nye er komne til sidan den tid.

Det er kommunestyret som gjer vedtak om evt. endringar i noverande brannstruktur.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto 2022