Maria Malmsten tek til med sin 18. sesong som dirigent i Røysterett for Alle.
I kveld startar øvingane for hausten i blandakoret Røysterett for Alle. Det har dei gjort utan stopp sidan skipinga i 1988. Like imponerande er det at Maria Malmsten har vore dirigenten deira i 18 år. Redaksjonen er litt usikker. Det kan vera at vi har komne ut av talet. Sist vi spurde Maria om dette, sa ho snart 18 år. Det er uansett rekord. Ingen kan før henne syna til så lang tenstetid som musikalsk leiar. Røysterett for Alle vil halda fram samarbeidet Husnes Blandakor. Kvar for seg har dei øving på ulike dagar. Det er difor høve til å vera med på begge øvingane.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal