Nattklubben er kjøpt inn av Kulturrådet. Sjå kva forlaget Samlaget skriv i bokkatalogen om boka.
I dag fekk forfattar Mona Vetrhus melding om at Nattklubben er innkjøpt av Kulturrådet. Boka vert med dette vedtaket å finna i alle bibliotek i landet. Boka sel godt både i bokhandel og på nettet. Les kva Samlaget skriv i haustkatalogen om barneboka Nattklubben :
Det nærmar seg tida for den lange vintersøvnen. Veslebjørn vil ikkje sova når mamma masar. Besta vil heller ikkje sova. Ho fortel om nattklubbane frå gamledagar med diskokuler, hallingdans og sukkerspinn.
Saman snik dei seg ut på jakt etter ein nattklubb. På vegen møter dei mange andre dyr som heller ikkje får sova. Kanskje dei må laga nattklubben sjølv?
Nattklubben er ei eventyrleg og original godnattforteljing med illustrasjonar av den prislønte illustratøren Sebastian Meschenmoser.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal