Nils Rainer Vågen er student på Griegakademiet - bur i seglbåt.
Nils Rainer Vågen frå Skorpo i Uskedalen er student på Griegakademiet i Bergen. Det er kjend for alle at det er vanskar med å finna seg hybel i Bergen. Nils Rainer løyste problemet med å kjøpa seg seglbåt, vel 8 meter lang og 3 meter brei. Båten ligg i Solheimsviken. Nils Rainer brukar 18 min. på turen fram til studieplassen. Det er Bergens Tidende som skriv på nett om studenten frå Uskedalen. Å bu i seglbåt er ei langt rimlegare løysing enn å bu på hybel eller i kollektiv. Han slepp å ta opp studielån.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal Illustrasjonn Faksimile frå BT nett v/ Marthine Frantzen Davik/ Bård Bøe