Stor interesse for boka til Mona Vetrhus - mykje folk på boklanseringa.
Det vart ein flott lanseringsfest for barneboka Nattklubben på Norli Husnes på laurdag. Det kom så mykje folk at Norli måtte henta meir benkar for at alle skulle få plass. Meir enn 30 born var med på høgtlesinga. Heidi Sande Gertz steikte vaflar og hadde sett opp telt med pynt og diskokula til lesinga.
Mona Vetrhus las heile boka, og etterpå var det hattedans-konkurranse. Alle ungane klarte å sparka ned hatten. Mona fortel til uskedalen.no at ho vart rørt når ho såg kor mange som vil høyra på opplesinga. Det var overraskande og spesielt kjekt at fleire av borna kunne boka frå før. Dei var med og hjelpte henne med å fortelja om Veslebjørn og besta. Ein gut, Markus, visste at spøkelset berre var mamma. Det at diskokula vert knust har gjort inntrykk på mange. Difor må det skje noko med den knuste diskokula i bok nummer 2, seier Mona.
Etter opplesinga fekk Mona tilsendt ein video av Samuel, 4 år, som laga Nattklubben-show heime i stova si, med boka og ein trompet. Besta i Nattklubben spelar trompet. Alt dette fortel oss at Mona har lukkast med innhaldet i Nattklubben.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Wermund Vetrhus