På søkjarlista til stillinga som ny prost i Sunnhordland finn vi Kjersti Brakestad Boge. Kjersti ( 50 år ) er i dag sokneprest i Kvinnherad. Familien bur i prestebustaden på Malmanger i Rosendal. Stillinga som prost er lyst ut då noverande prost Svein Arne Theodorsen går av med pensjon no i haust. Det er sluttgudstenste for han sundag 20. oktober i Stord kyrkje.

Kjersti Brakestad Boge har utdanninga si frå Det teologiske Menighetsfakultet ( MF ) og har tidlegare vore prest i Bjørgvin, mellom anna i Kyrkjebø i Sogn ( Høyanger ) og på Voss. I Kvinnherad har ho særleg hatt ansvaret for sokna Kvinnherad, Varaldsøy og Ølve/Hatlestrand. I ein overgangsperiode før Carsten Mrusek vart tilsett kring 2019/20 var ho også sokneprest i Uskedalen.

Dei lokale sokneråda er høyringspart og kan koma med uttale. Tilsetjing i Bjørgvin bispedømeråd 30. september.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal