Kvinnherad Sogelag med base på Stemneplassen i Uskedalen - møte 21. august med Fylkesarkivet om fotovern.
Kvinnherad Sogelag brukar møterommet på Stemneplassen som ein base for arbeidet med skanning og registrering av foto. Sogelaget har samarbeid med Vestland Fylkesarkiv om fotovern. Onsdag i komande veke vil fotogruppa i Kvinnherad sogelag ha eit arbeidsmøte med fylkesarkivet v/ fotograf Eirik Yung. Han vil fortelja bevaring og arkivering av gamle bilder. Fylkesarkivet har forventningar til samarbeidet dei nå omtalar som eit pilotprosjekt.
Prosjektet får merksemd i arkiv miljøet, ikkje berre i Vestland, men også utanfor fylkesgrensa. Utstyret skal nå væra ferdig uttesta og satt opp slik arkivet ynskjer det. Nå er det berre å komma igang. Han vil også gje starthjelp med skanning, og det er høve til å komma med spørsmål og få fagleg rettleiing og opplæring i bruk av skanner.
Vestland Fylkesarkiv vil framover bruke resursar på dette prosjektet som nå har prioritet hos dei, og tar turen for å gje oss litt drahjelp. Fotogruppa er åpen for alle i laget med interesse for bilder, og me blir gjerne fleire. Ta gjerne kontakt med Frode Sæbø om du ynskjer å være med i fotogruppa.
Tekst: Frode Sæbø - Utdrag frå FB Kvinnherad Sogelag Foto: Arkivfoto Nett: Kristian Bringedal