Noregs lågaste motbakkeløp, torsdag 15. august, går etter oppsett plan. Her kjem ei påminning om frammøte, påmelding, starttider, ulike løyper og klassar.

  • Dag/tid: Torsdag 15. august med påmelding frå kl. 15.30 til kl. 16.45
  • Frammøte og påmelding ved Grano
  • Påmelding ved frammøte ( Ikkje førehandspåmelding )
  • Mosjonsklassen startar kl. 16.30, konkurranseklassane kl. 17.00
  • Ulike løypelengder i høve til alder. Tre ulike startpunkt: 1. Ved møterommet på Stemneplassen. 2. På bakkane til Chris Fossli. 3. På Sandakaien
  • Målgang: Skårhaug 49 m.o.h.
  • Premiering på Stemneplassen straks etter avslutta målgang
  • Musikk v/ Uskedal musikklag
  • Kiosk med sal av is, pølser og drikke
  • Speaker: Per Korsvold

Evt. ny informasjon etter møte i kveld, kjem på uskedalen.no.

Tekst: Skårhaug Opp
Foto/nett: Kristian Bringedal