Full Rulle med musikarar frå Uskedalen, Herøysundet og Husnes/Sunde står for sesongavslutning på Fatland på Halsnøy i morgon, sundag 11. august. Det lokale bandet med Egil Vaage, Haldor Tveit, Roy Johnsen og Tore Nordahl Perdersen framfører variert musikk som gamaldans, folkemusikk og populærmusikk. Bandet er heller nytt i det musikalske landskapet i Kvinnherad. Kvar for seg er alle kjende frå ulike grupper og framføringar. No har dei funne saman i ein kvartett. Det er gode meldingar for veret i morgon. Ta turen til Fatland der det også er høve til å ta ein tur i Fatlandskogen. Matsal. Roy Johnsen var ikkje med då bilete vart teke.

Tekst/nett: Kristian BBringedal
Foto: Sylvi Hjelmeland