Kom og høyr Mona Vetrhus les frå debutbarneboka Nattklubben på Norli på Husnes laurdag kl 12.00. Veslebjørn vil ikkje sova, og besta ønsker seg ein siste dans. Saman snik dei seg ut på jakt etter ein nattklubb. Forfattar Mona Vetrhus les heile boka og skriv helsingar frå Veslebjørn. Og så blir det hattespark-konkurranse. Kven klarar å sparka av hatten, og kor høgt. Det blir også vaflar og saft.

Boklansering på Norli på Husnes, laurdag kl. 12.00.

Mona gler seg til boklansering av debutbarneboka. Nattklubben er både ei eventyr-bok og ei godnatthistorie. Den handlar om venskapet mellom nysgjerrige Veslebjørn og den litt rampete besta hans. Ikkje minst handlar det om å ta vare på spesielle familetradisjonar, som hattedans og nattklubb.

Nattklubben er ei perfekt bok å lesa med besten eller besta. Det er ei fin høgtlesingsbok no ved skulestart.

Tekst/foto Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal