Det meste av den store lerka frå Haugland skulemuseum er skoren på Hestad si sag i Omvikdalen. Matereialane av store dimensjonar er lagt på strø og etter tørking vil Dugnadsgruppa starta arbeidet med riving og klargjering for montering av nytt slåk. I haust vil ein prøva å få på plass nytt slåk i den delen som går frå luka og ned til kadlen.

Audun Eik og Pål Haugland ved ferdig opplagd materialstabel.

I går var Audun Eik, Pål Haugland og Kristian Bringedal på plassen og la opp bord og plank i ein stabel. Jostein Grov var saman med Audun Eik med på saga. Det som er lagra på Rød. rekk til den fyrste delen av restaureringa. For å koma i mål, må ein få skore meir på saga.

Etter riving vil ein vurdera om fundamentet framleis kan brukast. Det er kraftige stokkar som ber sjølve slåket. Så kjem ny plank på plass før ein byggjar opp sidene. Eit slåk smalnar av ned mot kadlen, dette for at vatnet skal møta kadelen med stor kraft.

Det meste av det gamle slåket på rivast.

Steg 2 er å byggja opp renna frå luka og inn mot dammen. i arbeidsperioden må ein leia vatnet bort frå dammen og slåket. Kvinnherad kommune dekkar kostnadene. Steinar Haugland er henta inn for å ta transport og maskinarbeid.

Å byggja opp eit nytt og funksjonelt slåk er eit omfattande arbeid. Torgeir Helgeland og Bjarne L. Rød var handverkarane på slutten av 1980 talet som flytta, bygde opp kverna og slåket. Opninga var sommaren 1990.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal