Per Korsvold frå Uskedalen kan meir enn å sykla Uskedalen – Lyon. Av yrke er kan pilot, både på helikopter og på småfly. I denne veka har han eit spesielt oppdrag i Gålåspelet i Gudbrandsdalen. I kvar framsyning utfører han eit spektakulært stunt med eit sjøfly frå Scandinavian Seaplanes AS. Peer Gynt har vore ute i Europa og kjem heim med fly. Med Mads Ousdal i rollen som Peer kjem han i fly innover Gålåvatnet og arenaen. Med Per Korsvold med spakane vrengjer han flyet i låg høgde over folkemassen, landar og set Peer Gynt av i stranda. Han vassar i land.

Per Korsvold med spakane i eit spektakulært stunf i årets Gålåspel.

Straks etter kjem to personar ut i vatnet, kidnappar flygaraen og set flyet ut drift. Det vert ført ut av scenen og inn i ei vik der ein høyrer to kraftige lydar. Flyet eksploderer.

Per Korsvold fortel til uskedalen.no at dette noko av det mest fantastiske og profesjonelle han nokon gong har vore med på. Regissør og kunstnarleg leiar, Erik Ulfsvåg, er mannen bak dette innslaget i årets Peer Gynt spel. Det er framsyningar kvar dag bortsett frå tysdagen i perioden 1. til 10. august.

Flyet vert kidnappa og ført bort frå arenaen før det eksploderer.

Det er tre generasjonar Ousdal med i framsyning. Abel Ousdal-Ellingsen spelar Peer som 7 åring. Mads Ousdal har hovudrollen. Faren Sverre Anker Ousdal låner stemma sin i deler av dramaet. Av andre kjende skodespelarar finn vi Ane Dahl Torp, Bjørn Sundquist og Sverre Tindberg.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat