Fem syskenbarn, fire med etternamnet Eik og ein med etternamnet Hauge, møtte fram til friluftskonsert på Stemneplassen i kveld. Det utgjer i underkant av 20 % av dei syskenbarna som lever i dag. Dei kan føra slekta si tilbake til besteforeldra Berta (f. Alsaker) og Nils Eik på Padlane. Berta og Nils fekk 11 born. Sysenbarna på bilete er borna til syskena Lars, Oskar, Agnes og Nelly. Det var med andre ord eit lite slektstreff på Stemneplassen i kveld. Bilete f.v: Norvald Eik, Gunnlaug Eik, Bjarne Hauge, Gunnbjørg Eik og Bils Bjarne Eik. Meir frå Friluftskonserten kjem i eigne innlegg.

Tekst/netty: Kristian Bringedal
Foto: Evy Grete Hauge