Amund Berge-Soldal frå Uskedalen spelar på Haugar G16 i Haugesund. Årets Norway Cup er ferdig og Haugar kunne reisa heim med gode resultat. Dei kom vidare til sluttspelet og vann 1 – 0 over Oppsal. Dermed var dei klare for 1/16 delsfinale. Kampen var mot Charlottenlund Sportsklubb, ein kamp dei vann etter spennande straffespark konkurranse. Neste var så 8. dels finale mot Steinkjer. Der vart det 2 – 0 tap. Haugar med Amund på laget spelar på eit høgt nivå.

Frå sluttkampen mot Steinkjer. Amund er godt synleg på bilete.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Gina Berge-Soldal