Ikkje på det meste, men det er høveleg med rognebær i år. Dessutan er det tidleg i sesongen. Det er mange utsegn som knyter seg til folketrua om det viltveksande treet rogn eller raun som nokre seier. Rogn høyrer til rosefamilien og har kvite blomar og raude bær. Kva fortel det oss om frukthausten og om veret i tida framover. Det var mykje rognebær i 2021 også. Då spurde vi lesarane om dei hadde faste utsegner til dette og vi fekk mange svar.

Her er nokre utsegn:

  • Store, raude og blanke rognebær er eit sikkert verteikn på at det vert ein god sommar.
  • Mykje rognebær – mykje frukt.
  • Mykje rognebær – lite makk i epla.
  • Tre kan ikkje bera to bører.
  • Rogn ber ikkje tungt to gonger.
  • Lite rognebær – lite snø i fjellet

Folkeminnesamlaren Haldor Opedal frå Sørfjorden skriv i bokverket Makter og menneske bd. 12: Bar raunen rikt med bær, kunne ein venta mange born fødde utanfor ekteskap i komande år. Det var i den tid. Ikkje så aktuelt i dag, seier du.

Har du andre ordtak til rogn med mykje eller lite bær, la oss få vita det. Send til uskedalen.no@gmail.com

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal