Denne helga har Astrid Døssland, Annemor Ekeland og Møyfrid Kristoffersen vore på Haramsøya på sommartreff skipa til av Nei til Vindkraft, Haramsøya og Motvind Norge, Trøndelag. Det møtte 50 motstandarar fram på samlinga. Motvind Norge har 21 000 medlemer frå heile landet. På fredag og laurdag var det samlingar med føredrag av fagpersonar og av stortingspolitikar. Mykje handla om utbygginga av vindkraft i 2020-2021 på Haramsøy. Dei fekk høyra om tøffe opplevingar som innbyggarane har vore- og er utsette for her i samband med denne utbygginga.

Vindkraftutbygging på Haramsøy.

Møyfrid og Astrid fortel til uskedalen.no at dei har sett på Kartverket, der gardseigedomane er pantsette for 280 millionar kroner kvar. Kva skjer når bonden treng lån til fornying av hus og reiskapar? Får dei lån i banken når garden er pansett så dugeleg ? Vindkraftutbygging er alvorleg på mange område. Mange er merksame på dei negative forholda som vindkraftanlegg fører med seg.

Motvind Norge vert rekna som ein solid organisasjon med svært mykje fagkunnskap og engasjement. Organisasjonen ynskjer å ta vare på naturen, for folk, dyr og vekstar. Møyfrid og Astrid frå Uskedalen oppmodar om innmelding i Motvind Norge. Som medlem får du mykje fagleg kunnskap, og ein er med på å ta vare på norsk natur.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat