Rita Pcaliniene og Viktorias Pcalinas, frå byen Kaunas i Litauen, har vore ei lita veke i Uskedalen. Dei bur på Airbnb og har vore ute kvar dag på fjellturar i Rosendalsområde og i Uskedalen. Turen til Uskedalen gjekk med bil og ferje via Sverige og vidare fram til Kvinnherad. Rita og Viktorias fortel til uskedalen.no at veka har vore fantastisk. På Airbnb er poengskalaen 1 til 5. Totalinntrykket er langt betre. Rita vil gje 10 poeng for opphaldet i Uskedalen. Ein av dagane var dei på Englafjell, gjekk inn Eikedalen, opp Skaret og vidare til toppen. Dei valde å ta den same vegen på tilbaketuren. Det var avreise mot heimlandet i dag.

På tur ned Skaret inst inne i Eikedalen.
Frå Jordsvatnet.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Rita Pcalinine