Den flotte plattgatteren til Marit og Oskar Langballe på Skorpo er seld. Ny eigar er Kim Julseth frå Eidsvåg i Bergen. Overtakinga var laurdag kveld då den nye eigaren kom til Skorpo for å henta fartyet. Kim Julseth, som til vanleg jobbar i Bergen og Omland friluftsråd, skal bruka båten i næring, til transport mellom båthamna i Eidsvåg og ut til Storøya der han driv ein slipp. Ein plattgatter har namnet sitt frå det flate akterspeilet.

Ny eigar, Kim Julseth, er klar for avgang frå Skorpo.

Det var Tor Kalven på Snilstveitøy som fekk bygd den 28 fot lange båten på Kjærevik båtbyggeri på Varaldsøy i 1972 Svein Kjærevik var fartybyggjar. På 1980 talet vart båten forlengd til 31 fot. Namnet i Tor Kalven si tid var KALVSUND. Tor Kalven brukte båten til vanleg transport, til føring og skyssing. Tidvis gjekk KALVSUND som reservebåt i ruta mellom Snilstveitøy og Rosendal.

Marit og Oskar Langballe på Skorpo hadde god kontakt med Tor Kalven. Ved transport av storfe over Storsund vart båten leigd inn. Ny motor, ein 6 sylindra 212 HK Ford, kom på plass i 1986. Marit og Oskar kjøpte båten i 1991. Den store og flotte trebåten avløyste den game snekka. Borna deira var i skulealder og dermed var det naturleg at den vart brukt som skyssbåt i tillegg til dyre- og varetransport. Det var ein praktisk båt med krane montert for tyngre løft. Mange vil også hugsa båten i oppdrag med sleping.

No er båten seld. Mange vil sakna den flotte plattgatteren som for mange vil vera eit maritimt kulturminne i Storsund.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/Tormod Hardenberg