Rikke har sommarjobb på Kvinnherad Vekstbedrift, avd. Vaskeriet.
Vaskeriet på Kvinnheraad Vekst har drift heile året. Arbeidet og produksjonen må gå sin gang. Kundane etterspør vask av arbeidsty, handkle, klutar og sengety heile tida. Difor må verksemda inn med sommarvikarar. Nokre har vore der før. Rikke Sætre Bjelland er ny. Ho er 16 år og kjem frå Herøysundet. Det er den fyrste fullverdige sommarjobben for hennar del. Arbeidet er varierande og Rikke får vera med på det meste av arbeidsoppgåvene i vaskeriet.
Rikke likar seg i jobben. Ho skal vera her i tre veker og dersom det let seg gjera, vil ho koma tilbake neste sommar. Ho fortel om arbeidsprosessen. Etter mottak og sortering går tyet til vask, tørking og deretter til bretting før plassering i rette hyller, og dermed klar for utkøyring og levering.
Arbeidsdagen tek kl. 07.30 og varer til kl. 15.00.
Dersom du har tips om ungdom og sommarjobb, send oss ei melding.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal