Bilferja FEDJE, bygd på Eidsvik skipsbyggeri i Uskedalen 1970, er meldt sakna Karibien. Det er lagt ut på Facebook som eit “Missing Ship”. BT har notis om forsvinninga i dagens avis. Namnet på ferja i dag er MV GUIDANCE II. MF FEDJE gjekk for Bergen Nordhordland Rutelag i sambandet mellom kommunane Fedje og Austrheim. Ferja vart sist sett i hamna på øya Canouian 1. juli.

Forsvinninga kan ha samanhneg med orkanen Beryl som herja i dette område tidleg i juli. Ferja hadde eit mannskap på fem. Eidsvik bygde for det meste fiskebåtar, men FEDJE er ei av to ferjer som er bygde i Uskedalen. Gjer merksam på at bilete er frå tida etter at fjerja vart bygd på og forlengd.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arne Sognnes - faksimile frå boka Fjordabåter, Rutebåter og Ferger bind 1