Riv ballbingen for å gi plass til ny aktivitetspark i Korsneset.
I dag er ballbingen i Korsneset riven. Det vert gjort før ein startar arbeidet med ny aktivitetspark på same plassen. Alt frå husa poppa opp i byggefeltet i Korsneset på 80-talet, har det vore stor aktivitet på fotballbanen. Det var Sigurd Myklebust som kosta første gruslasset. Han kosta også dei tre boksane, 4 x 4, som blei snikra til det første målet. På den tida var banen trapesforma, ja, mest forma som ein trekant. Banen blei brukt til fotball av den yngre garde både seint og tidleg. Tor Edvard Taranger var ein av fleire aktive medlemer på den tid.
Like etter år 2000 blei den utvida og oppgradert til slik den har vore siste åra. Bruken blei endå større, og born frå heile bygda samlast i ballbingen for å spela fotball. Det blei det viktigaste rekrutteringsanlegget for fotball i bygda. Dette heldt seg fram til vi fekk den nye flotte kunstgrasbana. Etter det har bana i Korsnes vore minimalt brukt.
No ønskjer styret i Korsnes Vel å bruka området til eit aktivitetsanlegg med mange ulike og varierte aktivitetar. Oppgraderinga vil også gjera innkjørsla til byggefeltet meir tiltalende. I dag har derfor styret i Korsnes Vel tromma saman til dugnad for å starta rivningsarbeidet. Ein god arbeidsgjeng stilte, og stemninga var særs god. Mange sette pris på at dette skjedde, og dei var svært positive til styret sine planar.
Velleiar Anita Simensen og styremedlem Anne Iren Guddal Tarberg kunne og fortelja at dei hadde planlagt to dugnadsdagar til for å gjera dette oppryddingsarbeidet. Dette blir gjort kjent på facebook sida til Korsnes Vel og ved oppslag på postkassestativa. Så det er berre å stilla.
På dugnaden i dag var det også pause med is, kjeks, kaffi, brus og drøs. Parallelt med rivningsarbeidet arbeider også styret med finansiering av dei nye planane. Til no har dei fått 130.000 kr i tilskot til prosjektet. Det blir spennande å følgja det vidare arbeidet, og det vil utvilsomt bli eit løft for heile Uskedalsbygda.
Tekst/foto: Thor Inge Døssland Nett: Kristian Bringedal