Airbnb som buform starta i San Fransisco i 2008. Det var to studentvener som opna opp for utleige då hotella var fullbooka. Direkte omsett: Air bed and breakfast – luftmadrass og frukost. Denne utleigeforma har vore i Uskedalen i fleire år. I dag finn vi seks utleigeobjekt i bygda som vert definert som Airbnb. Det er alt frå store hus med mange soverom til mindre leilegheter med berre eitt soverom. Booking og reservering skjer på nettet. Det er ope for alle å sjå kva utleige inneber av fasilitetar og kundevurdering.

Stella og Michael Gratz frå byen Gratz i Østerrike bur to døger på Airbnb i Uskedalen.

Det er høve å leiga for eitt døger til veker. Utleigemålet er skildra med tekst og bilete. Det synest vera viktig å få fram kva tilbod som finst i nærområde, slik som butikk, tilgang til strand, kultur og natur/merka stiar, utsikt, parkering og andre sentrumstilbod.

Kart syner kor du finn plassen. Ein kalender syner om objektet er ledig eller tinga. Det er viktig med namnet på eigar/vertskap. Ved utreise er det høve til å skriva ei vurdering og gje poeng. Mange gjer det. Utleigar kan også gje ei vurdering av dei som har brukt leilegheten. Det er ein karakterskal frå 1 – 5. Fem er høgaste skår.

Marius Mathisen på Skansen ( sjå bilete på topp ) har berre gode erfaringar med utleige på Airbnb. Han kan syna til mange gode tilbakemeldingar frå gjester som har budd i det store vakre huset ytterst på Neset med panoramautsikt.

Det gamle handelshuset på Sanden er eit av seks utleigemål for Airbnb i Uskedalen.

I Uskedalen finn vi desse utleigeobjekta:

  • Skansen på Neset
  • Sanden – landsbyhus, den gamle butikken
  • Beinavikjo – Uskedalen Brygge
  • Haugland – det som var lærarbustaden
  • Mørkevågen/Teigen
  • Skårhaug

Meir om gjestene og inntrykka deira frå Uskedalen kjem i eigne innlegg.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Marius Mathisen/Kristian Bringedal