I går kveld vart det observert morild i Uskedalen. Morild er eit lysfenomen i havet. Bakgrunnen er spesielle eigenskapar hos nokre plankonartar. Det er små eincella organismer som gir det so vert kalla bioluminescens ved bevegelse i vatnet Morild er mest synleg på sommaren og helst om natta. Kor mykje lys morild avgir er avhengig av kor mykje lys plankonet har teke opp om dagen. Det var ei kort tid vi fekk sjå morild på Beinavikjo i går kveld i 20 tida. Brått var det borte.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal