Flagg for Festidalen i morgon, laurdag.
Ei lesar oppmodar alle som har flagg eller vimpel om å flagga i morgon, laurdag.Redaksjonen i uskedalen.no er samd i dette og går ut med ei sterk oppmoding. Det gjer vi av to grunnar. 1. Det er ein fin måte å syna bygda fram på. VI tek mot alle tilreisande gjester med flagget. Ikkje noko er betre enn det. 2. Flagget vert brukt til ære for festivalstyret, frivillige og alle artistane. Difor: Ta oppmodinga på alvor, hent fram flagget og bruk det.
Redaksjonen