Kom og vis fram kva Uskedalen har å by på. Lørdag 24.august i Aktivitetshuset og på uteplassen. Vi håpar sjølvsagt at dåke som var med i fjor er med. Men vi har og eit ønske om at fleire bedrifter, lag og organisasjonar stiller opp. Det er ein flott plass å markedsføra seg og ein kjekk dag for bygdafolket og andre som vil sjå kva Uskedalen har å by på.

Aktivitetar inne i Aktivitetshuset.


Nytt i år er at vi vil opna for boder der folk kan selja. Her er vi
open for bruktsalg av kler, leiker og anna. Eller du kan selja
noko du har laga (strikk, smykke, treskjering ol.)

For at dagen skal bli best muleg håpar vi at dåke er med.
Fint med ei tilbakemelding innan1.august, påmelding til
40280935 (Gunn Mari Moberg) eller på mail:
gunn.moberg@spar.no

Uskedal Utvikling

Næringslivet med standar ute og inne.
Tekst: Uskedal utvikling
Foto/nett: Kristian Bringedal - foto frå Bygdadagen i fjor.