Emilie og Ingrid har gått på faget “visuell kunst” på kulturskulen siste året. Her har dei fått prøva seg på ulike former for teikning og måling. Dei har lært om farger, teikna årenettet i eit lauvblad og kopiert eit bilete av den franske målaren Henri Matisse. Dei held fram på kulturskulen etter sommaren. Det er plass til fleire elevar på faget visuell kunst. Lærar har vore Øystein Skjæveland frå Herøysund. Det er avslutningsveke på Kulturskulen. Det vert markert med konsertar og utstillingar.

Emilie og Ingrid syner stolt fram kva dei har med på utstilling i kulturskulenbygget på Husnes.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Øystein Skjæveland