Mona Vetrhus med barneboka Nattklubben på Samlaget.
Mona Vetrhus ( f. 1975 ) frå Uskedalen skriv barnebok. Tittelen er Nattklubben. Det er lansering i august månad. Boka ligg i databasen til NORLI og kan tingast alt no.
Boka i kategorien godnatthistorie er for alle som slit med å få sova, frå 4 år og oppover. Nattklubben er den andre boka til Mona. I 2012 kom diktboka Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld. Det var på Oktober forlag.
Å koma med bok på nynorskforlaget Samlaget heng høgt. Kritiske konsulentar vurderer manus og illustrasjonane nøye. Det skal vera ei god bok for å koma ut på Samlaget.
Meir om innhaldet i boka og om illustratøren kjem seinare i eigne innlegg.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Presse