Festivalområde er forbetra og rusta opp. Det vil særleg letta arbeidet for dugnadsfolka og for alle frvillige. Plassen, der teltet står, er planert og grusa. No slepp ein bruka paller for å koma opp frå bakken. No vil alle stå og jobba på grus som underlag. Av andre forbetringa tek vi med:

Det er straumuttak på heile område og dermed slutt på kablar på bakken.
  • Straumforsyninga er forsterka, nye straumskåp og framføring av straum i jord fram til påkopling
  • Oppussing av toaletta
  • Det skal lagast eit betre slusesystem som gjer at det vert mindre kø ved mat og drikkestasjonane
  • Det er gjort tiltak som skal letta rigginga, alt dette for å auka kvaliteten på Festidalen sitt produkt.

Alle tiltaka for å betra infrastrukturen er kosta av Festidalen. Arbeidet er gjort i samarbeid med grunneigar Magne Huglen. Område har status som LNF område. Forbetringa kjem ikkje i konflikt med LNF statusen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal