Barseltreff på Tiaren heiter gruppa på Facebook chat. Kvar tysdag er møteplassen Kafe Tiaren i Uskedalen og der samlast born og foreldre frå fleire bygder i Kvinnherad. Dette er eigentleg kull nr. 2. Før har det vore eit liknande tiltak. Når borna vert søkte inn i barnehage og foreldra går tilbake i arbeid, er det slutt på gruppa.

Ikkje alle er på bilete, men i dag var åtte modre med bbyane sine møtt fram i Gamleskulen.

Cecilie Ripel Eriksen fortel til uskedalen.no at dei ynskjer å nå ut til fleire. Alle med babyar er velkomne. Tilbodet gjeld også for fedre i pappapermisjon. I dag var det heile åtte frammøtte, alle med sin baby. Det er frammøte frå Valen, Husnes, Omvikedalen og Uskedalen.

Dei som vil vita meir, ta kontakt med Cecilie Ripel Eriksen på facebook eller messanger.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal