Laurdag 29.juni skipar Trio si friidrettsgruppe og Lions til Løveleiker, friidrettsstemne for personar med utviklingshemming på Husnes stadion. Jan Tore Johnsen frå Uskedalen er ein sentral person i planlegging og gjennomføring. Tilskipinga er på Husnes stadion laurdag 29.juni 2024 kl 10.00. Påmelding skal sendast pr epost til areu@online.no eller SMS til 99240087. Tidsfrist for påmelding: Onsdag 26. juni. SpareBank 1-Kvinnherad har løyvd midlar til gjennomføringa. På bilete ser du Jan Tore Johnsen i midten. T.v: Are Ulseth. T.h: Arne Toreget.

Løveleikane går på Husnes Stadion.

Løveleikane er eit friidrettsstemne vi vil skal vera eit lyspunkt i kvardagen der deltakarane kan kjempa i løp, kast, hopp og andre aktivitetar på ulike måtar. Deltakarane får også moglegheit til å testa ut boccia-dugleiken sin.
Leikane vert høgtideleg opna og innmarsjen vil bli akkompagnert av korpsmusikk. Medan leikane går av staben vil både Løva, Høna og Haren væra med å spreia glede og motivasjon til både små og store. Funksjonærane vil losa deltakarane sikkert gjennom dagen. Alle deltakarar vil få t-skjorter, medalje og diplom uavhengig av prestasjon.

Arrangementet er gratis og deltakarane vil få mat og drikke under arrangementet. Leikane er sponsa av IL Trio, Lions og Sparebankstiftinga Kvinnherad.

Vi håpar dagen kan bli ein «GLADDAG» som vil gje deltakarane mykje glede og som dei vil minnast lenge. Kiosken på stadion vil også være open under leikane.

Tekst: Redigert og henta frå IL TRIO si heimeisde
Foto: Kristian Bringedal/ Arkivfoto