Årsmeldinga til Uskedal Vassverk for 2023 fortel om god drift. Det er oversikt over planlagde investeringar. Økonomien er god. Overskotet er på kr. 915 778,-. Laget har ikkje langsiktig gjeld. Vassavgifta vart auka med 8 % i 2023, noko som er i samsvar med kravet frå kommunen for å stilla garanti for lån til investeringar i åra framover. Det er vedtak på årsmøte om 5 % auka i 2024.

Arbeid med fornying av ledningsnettet 2023.

Om ikkje så mange år har Uskedal Vassverk to kjelder å henta vatn frå. Det er ein langt betre situasjon om ein ser på korleis det er i mange bygder. Deler av nettet er gamalt og treng fornying og oppgradering. Vasstapet er likevel lågt, langt under landssnittet.

Av planlagde investeringar tek vi med:

  • Nytt inntak på Eik til ein kostnad på 1,5 mill. kr. Vassverket avventar ei avlaring om det vert kraftutbygging i Eikeelva. Konsesjonen deira går ut i juni 2025.
  • Nytt vassinntak frå borehol på Haugland. Kostnad: 15 mill. kr.

På årsmøte vart det attval til alle styreverv, det same med val av revisor og valnemnd. Styret er såleis:

Det er skilta og laga ny parkeringsplass ved vassanlegget på Sørestølen i nedre del av Eikedalen.
  • Leiar: Hans Reidar Kjærland
  • Medlem: Johannes K. Feet
  • Medlem: Lisbeth Nilsen Døssland
  • Medlem: Jofrid Eik
  • Medlem: Bjarne Lilleaas
  • Varamedlemer: Svein Rimestad og Svein Ove Bråtun

Dagleg leiar er Klara Bakke

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Arkivfoto