Det kjem mange gjester til oss i Uskedalen.no under Festidalen. Då mange spør om leige til overnatting, vender vi oss til Uskedølane om det er nokon som kunne tenkja seg å leiga ut huset, hytta eller leiligheta si under Festidalen?

Som dei siste to åra, opplever Festidalen stor pågang av publikum, men også bransjekollegaer og presse har fått opp augene for den koselege festivalen i den nydelege bygda Uskedalen. Ikkje alle vil bu på camping, og me er på jakt etter fleire husvære til gjestene våre. Er det nokon som kan hjelpa?

Ta i så fall kontakt med Jostein Sydnes på tlf 9137 1097 eller e-post jostein@festidalen.no

Tekst: Josten Sydnes - Prosjektleiar Festidalen
Foto: Arkivfoto
Ntt: Kristian Bringedal