Det føreligg vedtak på løyving til to prosjekt i Uskedalen, definert som nærmiljøanlegg. Samla løyving: kr. 850 000,-. Av ordinære anlegg nådde ikkje Uskedalen opp i denne omgang. Det gjeld søknad om støtte til Uskedal Aktivitetshus AS. Det er til vanleg lang ventetid for å få løyving frå Norsk Tipping. Dersom anlegga er finansiert og godkjend, vil dei føre eller seinare nå fram på lista. Bilete syner kor Minibanen kjem. I bakgrunnen er Rulleparken. Les om løyvinga til Uskedalen:

  • Uskedal Minibane: kr. 250 000,-
  • Uskedal Pumptrack – rullepark: kr. 600 000,-
  • Uskedal Aktivitetshus: kr. 0
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Morten Nygård - Grenda