Det må vera over 20 år sidan det sist var ein rein korpskonsert i Helgheim med Uskedal Musikklag som arrangør. Det gode samarbeidet med Rosendal B har resultert i to konsertar, ein i Rosendal i april, i dag i Helgheim. Korpsa spelte ein avdeling kvar før dei slo seg saman med fellesnummer til slutt. Festleiar i kveld var tubaist Thor Inge Døssland som nett no har permisjon. Inn på hans plass kom Herman Helvik. Med god hjelp og støtte finn Uskedal Musikklag gode løysingar når det trengst.

Uskedal musikklag med litt forsterking frå Rosendal B.




Uskedal Musikklag opna konserten med seks nummer, av dei Songen frå vest, tysk musikk frå Bøhmen og marsjar. På Bøhmisk Liebe imponerer korpset med song på tysk.

Rosendal B, også kalla B gjengen på folkemunne, med sin musikalske leiar Finn Opsahl framførte norsk musikk, alt frå Defilermarsj, Blåbærturen av Alf Prøysen til Våren av Grieg. Ut mot havet med musikk av Edvard Fliflet Bræin er ein gjengangar i korpsmiljøet. KORK har gjort den til sin kjenningsmelodi.

Knapt ein stol var ledig i Helgheim i kveld.

Verdig og fint var avslutninga med ein hymje og marsjen Ivanhoe i eit fellesnummer. Det var strålande å høyra brassmusikk med full besetning.

Kaffi, heimebakst og loddsal høyrer med. Mjølkekakene var steikte og leverte av kveldens konfransier. Elles har mange hjelpt til med bakst og gevinstar til loddsalet. Korps i samarbeid gjer seg alltid. Det er eit løft for musikantane, men også for publikum. La oss sei med ein tilhøyrar idet ein går ut: La det bli ei årleg hending.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal