Sokneråda i Sunnhordland Prosti var i går inviterte til verdiseminar i samband med Riksjubileet ved innføring av kristenretten på Moster i 1024. Uskedalen var representert på seminaret. Jørn Øyrehagen Sunde var ein av to innleiarar i tillegg til å vera med i eit samtalepanel. Tittelen på innleiinga hans var: Verdiar i vår rettshistorie. Den nye staten Noreg byggjer på Kristenretten i 1024, Landslova i 1274 og vidare Gunnlova 1814. Alt dette er grunnlaget for rettsstaten Noreg med prinsippa fridom, rettsvern og likeverd.

Tora Døssland Eikeland kom for å høyra Jørn på seminaret. Tora kjem frå Døssland, nabogarden til der Jørn er fødd og vaks opp.

Det har vore travle dagar på Moster for Jørn Øyrehagen Sunde. Han har hatt ein sentral rolle i programutvikling og gjennomføring. Alle ville helsa på og snakka med professoren frå Uskedalen. Ved presentasjon og andre kunngjeringar vert det sett fokus på heimbygda hans. Der gjer han sjølv også vera å understreka og definera identitet og det å vera ein del av eit fellesskap.

Eit sterkt demokrati byggjer på tiltru til staten, men også til naboen som vår neste. I land som Russland og USA uttrykkjer berre 20 – 30 % slik tiltru. Her ser vi at demokratitanken står svakt. Prosenten i Noreg er heile 90 %.

Mange ville helsa på professoren frå Uskedalen, her i samtale med Olav Fykse Tveit, presens i Den norske Kyrkja.

Jørn Øyrehagen Sunde er innleiar på fleire seminar denne veka, alt under hovudtema Feira fortid – forma framtid.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal