Loddsal og boksal ved SPAR fyrstkomande laurdag.
Komande laurdag frå kl. 11.00 legg Friluftslaget og Historielaget opp til lodd- og boksal ved SPAR. Uskedalen. Friluftslaget med vedlotteriet sel lodd til inntekt for drift og utvikling av Stemneplassen. Historielaget sel lokalhistoriske bøker. Lodd i vedlotteriet til Friluftslaget kostar kr. 100 pr lodd. Du kan bruka VIPPS: 605565. Merk: Lodd. Bok 1 og 2 av Uskedalsbøkene “Den nære fortida”. Boka om krigsseglar Torger Olsson Feet er også å få kjøpt.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto