SPAR Uskedalen jobbar for å få ned matsvinnet. Eit nytt tiltak er TOO GOOD TO GO. Butikken har ein disk med nedprisa matvarer. Det vil ein halda fram med, men i tillegg vil butikken vera med på TOO GOOD TO GO. Det vil sei at kvar dag vert det laga forundringsposar, som kundane kan bestilla via appen TOO GOOD TO GO. Posen kostar kr.49.- og inneheld diverse varer til ein verdi ca kr.147.-. I nokre høve vil det vera varer i posen til ein langt høgare verdi.

Her kan du gjera ein god handel. Dette er varer som er for gode til å bli kasta på grunn av dato, liten skade eller at til dømes frukta er godt moge. SPAR Uskedalen har alt teke appen i bruk. I går, onsdag, vart det seld to forundringsposar. Kvar pose kosta kr. 49,-. I posen var det varer til ein verdi av kr. 160,-.

Framgangsmåten er:

  • Last ned appen TOO GOOD TO GO
  • Skriv inn kva dag du vil kjøpa forundringsposen
  • Møt fram i butikken på kvelden og hent posen.

SPAR oppmodar alle om å lasta ned og bruka appen TOO GOOD TO GO og dermed vera med på å minska matsvinnet.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Illustrasjonsfoto