Medlemene i Uskedal musikklag er opptekne av fornying og rekruttering. Innlegget under er skrive til refleksjon og som eit grunnlag for diskusjon om framtida til laget.

Uskedal Musikklag på 17. mai i år.


Ved eit kvart arrangement er song og musikk det som skapar «prikken over i’en. Det løftar og lettar stemninga. Det er ein betydeleg trivselsfaktor i dei fleste høve. I dag er det 8-10 ivrige entusiastar som har halde liv i Uskedalen Musikklag, med utruleg stor deltaking i lokale arrangement, til glede både for tilhøyrarar og musikantar.

Gjennomsnittsalderen i laget tilseier at fleire må koma til for å halda laget aktivt i framtida. Song og musikk er ein hobby og interesse ein kan dyrka heile livet, til glede for seg sjølv og bygda. Det er svært givande å delta i samspel med andre, og å vera med på noko som kan skapa glede og trivsel i
bygda. Det er ein sunn og utviklande aktivitet både for barn, ungdom, vaksne og eldre.


Ønskjer Uskedalen å ha eit musikklag i bygda?
Det bør vera fullt mogeleg. Det er mange dugande musikarar i bygda, og mange som har bakgrunn i korpsmusikk frå før. Kva skal til for å få desse og nye andre med? Om ein ikkje har vore borti messinginstrument tidlegare, er det forholdsvis enkelt å læra, og instruktørar kan skaffast.


Dette er eit opprop i tolvte time!

No må heile bygda, kvar og ein, ungdom og eldre, lag og organisasjonar vurdera, tenkja, diskutera, og gå saman for at Uskedalen Musikklag skal kunna halda fram som trivselskapar i bygda.


Og hugs; – det er fullt ut mogeleg…dersom viljen er tilstades.

Tekst: Presseskriv
Foto: Arkivfoto frå 17. mai 2024
Nett: Kristian Bringedal