Den 25.mai har ei lita gruppe på 4 jenter fra Rosendal ungdomsskule, innsats for andre, invitert til sykkelrebus der inntektene går til Mental Helse Ungdom Kvinnherad. Det å delta vil kosta 20kr pr unge og 40kr pr vaksen. Det blir salg av kake, kaffi og saft. Den som får mest rett på rebusen, vinn ei korg full av premiar frå ulike bedrifter i Kvinnherad. Bedriftene er sponsorar til dette prosjektet.

Start er ved Uskedal skule. Elevgruppa håpar på godt oppmøte. Den som ikkje har sykkel, kan gå den same løypa.


Dersom du ikke har høve til å delta på rebusen, er det mogeleg å vippsa nummeret 903076 til Mental Helse Ungdom Kvinnherad. 

Tekst/illustrasjon: Henta og redigert frå FB Mental helse i Kvinnherad
Nett: Kristian Bringedal