Uskedalen. no avsluttar innlegga frå Grunnlovsdagen med referat frå Therese Bondhus sin tale for dagen. Talen hadde med det beste som skal vera med i ein 17. mai tale. Etter ei kort historisk innleiing kom ho inn på sentrale verdiar som mangfald, fellesskap, likebehandling, solidaritet og respekt i eit samfunn, også i ei bygd som Uskedalen. Therese skildra også eit samfunn prega av aukande einsemd og psykiske lidingar. Kan noko av forklaringa vera samfunnspress og urimelege forvetningar, forvetningar andre set til oss, men også uoppnåelege forventningar vi set oss sjølve.

Therese Bondhus avslutta talen med å leggja ned blomar på Krigsmneesmerke på Stemneplassen.

Talaren synte til Kong Harald sin nyttårstale i 2023 der Kongen snakka om usynlege hender, hender som kunne vera kjærleik, venskap og vilje. Vi treng alle usynlege hender som gir styrke og håp. Dette gjeld sæleg for ungdomen i ei uroleg tid med store endringar.

Therese Bondhus understreka i talen sin det å ta vare på dei beste tradisjonane i eit bygdesamfunn. Kulturarven er viktig for å skapa identitet som igjen er viktig i ei levande bygd i vekst. 17 mai med sine folkelege tradisjnar er viktig for fellesskapet og samhaldet.

Talaren avslutta med å sei: Eg slår eit slag for bjørkepynta uskedalsbru, ballongar og 17. mai fløyter. Eg slår eit slag for tradisjonar, omtanke for menneske og for raushet.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal